<%@LANGUAGE="JAVASCRIPT" CODEPAGE="65001"%> Njål Sparbo

NY CD-UTGIVELSE:
NORSKE SANGER - II

 

GRCD 4156

Cover GRCD 4156

NOAHS DRAUM

Jazzoratorium av Kjell Habbestad

Ingeborg Hugnes - sopran
Njål Sparbo - bassbaryton
Svein Tindberg - resitasjon
Morten Halle - saksofon og fløyte
Rune Klakegg - piano / tangenter
Helge Nordbakken - slagverk / perkusjon
Edvard Askeland - el-bass og kontrabass

GRAPPA - GRCD 4156
Recorded in Rainbow studio, Oslo, June 1998
Engineered by Mariann Kleiven and Alf Christian Hvidsteen
Mixed and Mastered by Jan Erik Kongshaug
Produced by Kjell Habbestad and Edvard Askeland
GRAPPA, Oslo, 1998
Total playing time: 55:46

INNHOLD:

Meg skapte Herren
Himlane er skapte ved Herrens ord
Han grunnfeste jordi med visdom
Som regnet risle hans læra
Øydemarki og turrlendet skal gleda seg
Kor fagre tjeldi dine er, Noah
Veks sevet anna enn i ei myr?
Nimrimsvatni vert øydemarker
Du var ein seder på Libanon
Den som no vil høyra desse ordi mine
Høyr brusen av mange folk
Hjarto våre ropar til Herren
Vatni såg deg, Gud
Eg kjende han ikkje
Han er den som kom med vatn og blod
Alle mine kjeldor er i deg
Eg skal få døy i reiret mitt

Kjell Habbestads store song om vatnet

Gjennom heile Bibelen fløymer det vatn. Skapingsforteljinga byrjar i eit mytisk urhav. Det grøne landet stig opp der, det landet som Gud fyller med tre og vokstrar av alle slag, med fuglar, dyr og menneske. Og skapingshistoria endar med den store flaumen som druknar alt levande, bortsett frå dei som er inne i Noahs ark.

Og slik held det fram gjennom heile Bøkenes Bok, frå elvane som renn gjennom Eden, over Jakobsbrønnen og Jordan; Moses driv i ei korg på Nilen, sidan fører han folket tørrskodd over havet. Profetar og krigarar, gode og vonde, bøyer seg over vatnet og drikk. Jona segler mot djupet i kvalens buk. Meisteren frå Nasaret lar seg dukke ned i Jordan, han gjer vatnet til vin og kallar seg sjølv det levande vatnet. I lovnadens land er vatnet det store og gjennom den nye himmelen renn livsens elv.

Vatnet piplar fram overalt i enkeltvers og skriftstader, sprukne krukker blir forbanna, regnet gir liv. Ja, alt får sitt liv frå vatnet, Guds ord og vatn blandar seg i det djupaste symbolet, dåpen. Vatnet rislar i nærleiken, buldrar i bakgrunnen, driv over himlane som skyer, gir heile den bibelske biletveven kraft og liv.

Det er lyden av rennande vatn, av dryppande regn, av buldrande flaum som og lyder gjennom Kjell Habbestads musikalske fabel Noahs Draum. Habbestad skriv sjølv at han smir saman bibelversa, men frå vatnet fangar han opp omen og larmen, suset og dropane, mektige bølgjer langt borte frå, regnsildret tett ved øyret. Han hentar tonespråk frå fjerne orientalske kjelder, hentar inn eit urgammalt jødisk-jemenittisk tonefall, men lar inspirasjonen frå jazzen femne det heile. Denne akustiske polyfoni frå ei urkjelde blir omskapt og formidla som vokal og instrumental klang. Ingeborg Hungnesí klokkerøyst og Njål Sparbos varme baryton, Svein Tindbergs mørke mål, alt bryt opp frå dei glidande bølgjene til saksofonen, bassens djupe tonegangar, pianoets kaskadar av droplande lyd, buldret, sildret og bygene frå trommene. Det er vassljom i alle instrument. Ordets eigen klang frå den gamle nynorskbibelen ber med seg elvesus og regndropar, sildrande kjelder og dei bilete som stig opp av dei mørke brønnane inne i oss. Tonane fører oss ikkje til eit bestemt hav der ute, ei elv vi har sett, men opnar til eit indre landskap. Og vi lar sinnbileta stige og tankane svive til vi skimtar kystane på ei verd vi har gløymt, men bore med oss, opp gjennom uraldrane, fram gjennom tidene, til vi står der vi er.

Vatnet gir liv, vatnet riv huset til han som bygger på sand. Noahs draum varslar den store øydelegginga, vatnet ber båten på livsens hav. Nye klangar opnar dei gamle mytane.

Når vatnet teier, stilnar alt.

Edvard Hoem